"Mind the gap" på Energisenteret

9.november vart det arrangert konferanse på Energisenteret

Aida Husic Dahlen
15
.
November
2021

74 personar deltok på konferansen "Inkluderende idrettsliv" på Energisenteret for barn og unge 9.november.

Årets tema for konferansen var: Mind the gap; Korleis kan ein gjere overgangen inn i fysisk aktivitet og idrett lettare for menneske med tilretteleggingsbehov?

Konferansen vart opna av Randi-Luise Møgtser, viseadministrerende direktør på Haukeland Univeritetssjukehus.

Det var foredrag i regi av kommune, idrettskrets, idrettslag, spesialisthelsetjenesten, utøverar, skule, m.fleire.

40 personar deltok på aktivitetstimen der ein fekk prøve tre ulike stasjonar; Konsentrasjonsvanskar og andre usynlege funksjonsnedsettingar, synsnedsetting og fysisk funksjonsnedsetting.

Frå stasjonen der ein fekk råd og tips om tilrettelegge idrett for dei med fysisk funksjonsnedsetting
Christian Jensen visar korleis ein ser med ulike synsnedsettingar
Martin Solberg brukte ulike øvingar for å vise korleis ein kan tilretteleggje for dei med usynlige tilretteleggingsbehov

Konferansen var eit samarbeid mellom fleire av møteplassane i Idretsklynge Vest; Paraidrett- frå breidde til topp, knutepunktet, kroppsøving og aktive gamere.