Koordinator søkast til Aktive Gamere

Vestlandet E-sport og Idrettsklynge Vest har nådd ein stor milepæl i sitt e-sport og gaming samarbeid.

7
.
January
2022
tekst på lilla bakgrunn som seier at aktive gamere tilsetter.


No skal det tilsettast ein koordinator med all oppmerksomhet retta mot utviklinga av gaming og E-sport i Vestland. Stillinga som e-sport koordinator er ein heilt unik moglegheit for deg som brenn for gaming og e-sport som fritidsaktivitet. Koordinatoren skal jobbe tett med e-sportmiljøet i heile fylket og koordinere aktivitetane på tvers av ei rekke ulike aktørar. Ved å koordinere ressursane, samle og dele kompetanse og kunnskap, ynskjer vi å finne gode løysingar og etablere fleire trygge, organiserte tilbod og inkluderande mestringsarenaer. Her skal det leggast til rette for e-sport både som ein sosial aktivitet, breiddeaktivitet og toppidrettsaktivitet.

I Vestland vil den framtidige koordinatoren vere i godt selskap. Som region har vi vår eigen fylkeskommunale e-sportstrategi og eit godt etablert nettverk gjennom Vestlandet E-sport, Idrettsklynge Vest og deira felles satsing Aktive Gamere.

Nysgjerrig? Sjekk ut annonsa på Finn.no