Klyngesamling med Polyfon og Alrek

Klynger går saman for å forme ei berekraftig framtid - Samarbeid viser seg å vere verdifullt!

Milena Salazar
13
.
March
2024

Med mål om å skape synergiar på tvers, samla Alrek Helseklynge, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi og Idrettsklynge Vest seg den 8. mars til ei inspirerande klyngesamling. Fasilitert av Fremtenkt, utforska deltakarane framtidas moglegheiter og utfordringar gjennom kreativ tenking og diskusjon.
Målet med klyngesamlinga var å dele erfaringar på tvers av klynger og sektorar, som kan bidra til å løyse utfordringar som møteplassane eller klyngene sitter på.
Gjennom eit slikt samarbeid på tvers av klyngene hjelper vi kvarandre å skape eit meir berekraftig samfunn og løyse samfunnsproblem vi står overfor betre og meir effektivt.

Verkstaden tok opp viktige spørsmål om leiing på tvers av ulike fagfelt og sektorar i dagens komplekse samfunn:

-         Korleis kan vi effektivt navigere og leie på tvers av ulike sektorar?

-         Korleis ville ein ideell situasjon som leiar på tvers sjå ut utan avgrensingar?

-         Og ikkje minst, korleis kan vi realisere overgangen frå dagens status til ønskt framtid?

Leiarar frå møteplassar, faggrupper og arbeidsgrupper innanfor Idrettsklynge Vest, Alrek Helseklynge og Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi deltok aktivt i verkstaden. Resultatet var ei imponerande mengd velfunderte svar og kreative idear, takka vere engasjerte og kompetente deltakarar.

Ein hjarteleg takk går òg til Vestland fylkeskommune for å tilretteleggje møtelokaler og levera førsteklasses lunsj fasilitetar, som bidrog til å gjere samlinga både vellykka og inspirerande.