Energikonsulentar + HEMIL studentar = Evaluering

Prosjekt Energikonsulentar er no på veg inn i sitt andre prosjektår. Medan Energikonsulentane fortset arbeidet med å trygge born og unge i overgangen frå helseteneste til aktivitet, begynner prosjektets evaluering å ta form.

2
.
August
2022

Energikonsulentane har gjennom det siste året fått erfare korleis det er å arbeide mellom idrett, helse og kommune. Våren 2022 har masterstudentar ved UIBs Institutt for Helse, Miljø og Likeverd blitt involvert i evalueringa av prosjektet. Gjennom kvalitative intervju med Energikonsulentane og deira næraste leiarar har dei sett på korleis det er å vere tilsett i skjeringsfeltet mellom ulike organisasjonar.

Resultata frå denne undersøkinga tar vi med oss vidare inn i møterekka i haust. Her skal Bergen kommune, Helse Bergen og Vestland Idrettskrets saman sjå på korleis ein kan vidareføre funksjonen. For møteplassen Knutepunktet er eit sentralt element med prosjekt at ein tidleg startar samtalar om vidareføring slik at ein sikrar at ein drar god nytte av erfaringar frå prosjektet.

Brukarenes perspektiv må sjølvsagt også løftas fram i evalueringa. No arbeidar ein for etisk godkjenning for ein masterstudent som frå hausten av ynskjer å sjå på korleis deltakelse i prosjektet har vore for deltakarane sjølve.