Aktive Gamere konferansen blei ein suksess!

Aktive gamere satsinga når lengre! 19. november inviterte Idrettsklynge Vest og Vestlandet E-sport til den første Aktive Gamere konferansen på Bergen kino. Der samla vi idretten, gamingmiljøet, spesialhelsetjenesten og forskningsfeltet for å inspirere utveksle erfaringer om gaming og e-sport.

19
.
November
2021

Jon Askeland fekk gleden av å opne konferansen og hadde pynta seg med fylkesordførarkjedet for anledningen, han ville møte gamerane med respekt og sa følgande: "Vi i Vestland er ekstra tøffe i trynet. Vi har e-sport som fag i den vidaregåande skulen. Vi skal utvide både med klassar og skular. Vi gjev stipend i støtte og håpar å få sjå ein verdsmeister. Vi er blotta for fordommar her vest. Vi ser berre muligheiter"

Fordommar

Til tross for godord frå Fylkesordføraren var det likevel viktig å sette fordommar på agendaen. For dei finns. Preben «Prebz» Fjell tok oss med på ein gjennomgang av kva fordommar gamingintresserte har måtte leve med som følge av mangel på kunnskap rundt aktiviteten. Dette er noko dagens gamerar fortsatt kjenner på. I presentasjonen av sin forskningsartikkel kunne Karolin Elisabeth Moberg frå Universitet i Bergen fortelje oss at gaming er ein viktig sosial arena for gutane ho hadde intervjua i forbindelse med si masteroppgåve. Men dei fleste av dei ville framleis ikkje identifisere seg som ein gamer, mykje på grunn av fordommar og negative stereotypiar.

 

Den sosiale mestringsarenaen i utvikling

Men fleire og fleire er på veg ut av kjellerstova og inn i sosiale felleskap. Marcus Alexander Dahl kunne fortelje om tradisjonen for den sosiale LAN kulturen i Norge. E-sport alliansen ved Andrè Baumann og Florø E-sport ved Frank Willy Djupvik gav oss vidare innsikt i korleis og kvifor ein absolutt bør etablere lokale e-sport tilbod. Paul Joachim Bloch Thorsen frå Helse Bergen kunne fortelle om korleis dei brukar gaming som mestringsarena for pasientar. Maria Eriksen kunne avslørte at snart kan gaming og E-sport interesserte få lov til å boltre seg i det heilt nye Spillhuset Bergen.

 

Idrett og E-sport

Michael Jørgensen frå Olympiatoppen Vest trakk spennande paralleller mellom e-sport og idretten frå eit toppidrettsperspektiv. Idrettforbundet ved Per Tøien gav oss innblikk i korleis organiseringa av e-sport i idretten sakte tar form, og kva utfordringer vi har i vente. Til stor inspirasjon fortalte Lasse Kjær frå den danske gymnastikk og idrettsforening (DGI) om korleis e-sport har bredd om seg med ekstrem fart etter DGI tok e-sport inn varmen i 2017 som eit lite, men ambisiøst prosjekt. Sindre Rygg e-sport lærar på Arna vgs kunne fortelje om e-sport utøvarar frå denne toppidrettslinja som etablerer seg på verdenscena.

 

Utøverane i sentrum

Utøvarane sjølv var også på plass der Vetle Faret Tønnesen ble utdelt tidenes første utviklingsstipend i E-sport på 40 000 kr av Vestland fylkeskommune. Han var i godt selskap med Sportklubben Brann sin FIFA utøver Åsmund Røed, som saman med Åsmund Elgsem gav oss innsikt i Brann si E-fortball satsing. Men livet som E-sport utøvar bringer med seg utfordringar. Cecilie Jelstad kunne fortelle om heilt spesielle problemstillingar som dukkar opp når tenåringsønnen «Krizzii» no satsar på E-sport. Ho etterlyste kunnskap, strukturar og trygge rammer for gamere å utvikle seg i.

 

Gaming i balanse

Førsteamenuensis Silje Mæland frå UIB presenterte masteroppgåva til Regina Hamre (som dessverre var blitt sjuk) og kunne fortelle at struktur og trygge rammer er ein naudsynt utvikling av balansert gaming, då Regina sin studie viste at gaming kan vere vanskeleg å balansere med vanar som søvn. Men dette må ikkje forvekslast med at gaming er skadelig, då vi no har fleire studiar som viser at å spele mykje ikkje nødvendigvis er ein risiko for unge. Nettpatruljen i Vest politidistrikt, var kledd i uniform for dagen og kunne fortelje at dei brukar gaming som ein måte å nå ut til ungdom, eit viktig verktøy på ungdommens premissar.

 

Vestland i førarsetet

Det er heilt klart eit yrande engasjement rundt utviklinga av gaming og E-sport i Vestland. Utvalsleiar for kultur, idrett og inkludering Stian Davies viste korleis Vestland fylkeskommune har set gaming og e-sport på den politiske agendaen i Vestland blant anna gjennom ein rykande fersk e-sport og gaming strategi. Store ting vil skje dei kommande åra om vi ser og utnyttar felles synergiar på tvers av person og organisasjon. Idrettsklynge Vest og Vestlandet E-sport er gode nettverksorganisasjonar å ha i denne samanheng.

Ei spennande framtid

Avslutningsvis hadde vi utfordra Anders Meland, ein klok mann med ein brei CV innan prestasjonsutvikling om å sjå inn i framtida. Kva har vi i vente? Det var mange som fekk seg ein a-ha oppleving etter dette inspirerande foredraget. For gaming og teknologi er for full fart på veg inn i samfunnet vårt, her gjeld det å følge med i timen. Og kven veit, kanskje er Vestland om nokon år plassen kor vi samlar tusenvis av gaming og e-sport interesserte til eit storslått arrangement i det som er den største fritidsinteressa blant barn og unge. Frøa blei i allefall sådd når Alan Madsen frå VestLan, Marius Solberg frå Errors Party og Lasse Kjær frå DGI diskuterte moglegheitene for både små og store E-sport arrangement saman med Arve Lindgren frå Visit Bergen.