Aktive Gamere konferanse 19. november

Hald av datoen 19. november frå 09:30 til 15:30 - då inviterar vi, saman med Vestlandet E-sport til storslått fysisk konferanse om gaming og e-sport på Bergen kino.

6
.
October
2021
gutt som gamer

Gaming og E-sport er den største fritidsinteressa blant barn og unge. Gaming er på veg ut av gute- og jenteromma og inn i sosiale møteplassar i idrettslaget, fritidsklubben, biblioteket og samfunnshuset. Nye e-sport klubbar og lag etablerast i raskt tempo, og foreldre går ikkje lenger berre på fotballtrenarkurs, men også e-sporttrenarkurs.

Her på Vestlandet har ei rekke store aktørar innan idrett, helse, offentleg sektor, akademia og e-sport og gamingmiljøet samhandla gjennom møteplassen Aktive Gamere i Idrettsklynge Vest sidan 2019. Vi går i front for å sikre ei sunn og god utvikling av dette feltet.

Som eit resultat av dette vedtok Vestland fylkeskommune nyleg Noregs første fylkeskommunale strategi for gaming og e-sport. Stigma knytt til gaming og e-sport er i ferd med å smuldre opp, men framleis er dette eit stort og ukjent territorium for mange.

Spørsmåla er mange når ein skal organisere og etablere noko nytt. Gjennom denne konferansen vil vi gje deg informasjon og inspirasjon om feltet. Idretten, gamingmiljøet, spesialisthelsetenesta og forskingsfeltet vil dele av sine erfaringar.
Du vil få svar på både det som gjeld elite e-sport, breidde e-sport og sosial gaming. Vi løftar blikket og ser på kva vi kan vente i framtida, både av tekniske duppedingsar og e-sport og gaming arrangement.

Er du tilsett i kommune, tilknytta eit idrettslag eller ein e-sport organisasjon, nysgjerrig lærar eller forelder, så er dette konferansen for deg.

Program og påmelding kjem snart –hold av dagen!