Aktive Gamere

Gjennom Aktive Gamere ynskjer vi å få gamere og e-sportsinteresserte ut av gutte- og jenteromma og inn i positive fellesskap.

Vi informerar og legg til rette for ein gaming- og e-sportkultur med fokus på balanse i livet der fysisk aktivitet, søvn, og kosthald er ein viktig del av spelinga. Med dette håpar vi å skape ein større aksept og forståing for denne ungdomskulturen.

Gaming og e-sport er den største fritidsinteressa blant barn og unge. Fenomenet veks, men er framleis i stor grad uorganisert. I møte med gaming og e-sport har vi alt å tene på å utveksle informasjon, lære av kvarandre, og saman støtte opp om ein inkluderande, positiv, aktiv og spennande meistringsarena. Gjennom Aktive Gamere skapar vi desse møteplassane, i tillegg til å formidle denne kunnskapen og kompetansen ut gjennom aktivegamere.no

Målsettingar

  • Vidareutvikling av www.aktivegamere.no saman med e-sport og gaming miljøet.
  • Utvikle norsk etisk kodeks og grunnlagsmateriale etter dansk modell
  • Bidra til å skape møteplassar som kombinerar gaming og fysisk aktivitet
  • Kunnskapsformidling og forskning
  • Skape trygge rammer for barn og unge gjennom gode rollemodeller
  • Årlige Aktive Gamere arrangement
  • Målretta arbeid mot antidoping og spillavhengiget
  • Utforske idèen om et kompetansesenter i Vestland fylke

Involverte

Hanne Marthe Espe

Vestland fylkeskommune
hanne.marthe.espe@vlfk.no

Grethe Hillestad

Vestland Idrettskrets
grethe.hillestad@idrettsforbundet.no

Therese Rygg

Sportsklubben Brann
therese.rygg@brann.no

Åsmund Elgesem

Sportsklubben Brann
asmund@brann.no

Lars Peder Vatshelle Bovim

Helse Bergen
Lars.peder.vatshelle.bovim@helse-bergen.no

Frank Willy Djuvik

Vestlandet E-sport
frank@floroesport.no

Maria Eriksen

Spillhuset i Bergen
maria@spillhus.no

Paul Joachim Bloch Thorsen

Helse Bergen
paul.joachim.bloch.thorsen@helse-bergen.no

Kjartan Revheim

Bergen kommune
kjartan.revheim@bergen.kommune.no