Kroppsøvning treng ikkje opplevast som ein snublestein!

23.03.23 arrangerte møteplassen kroppsøving seminar med tema «Alle med- inkluderande kroppsøving" på Amalie Skam vidaregående skule.

Regina Hamre
24
.
March
2023

Samspel for meir og betre inkludering

- Tema er ikkje tilfeldig valt ut. I ein større samanheng ser me at utanforskap er ei stor samfunnsutfordring, og er dramatisk for dei det gjeld. Å arbeida for eit inkluderande læringsmiljø der kvar enkelt elev kjenner på å vera ein betydningsfull person i eit fellesskap, med moglegheit til å delta, er svært viktig, seier møteplassleiar Håvard Ragnhildstveit.
- Dette gjeld ikkje minst i kroppsøving, eit fag som for mange blir opplevd som ein snublestein. Me håpar og trur at seminaret kan bidra med gode perspektiv kring temaet. Elevane fortener dyktige kroppsøvingslærarar og vi som er samla på seminaret sit i posisjon til å gjera ein forskjell for både enkeltpersonar og grupper, legg han til.

Dagens innhald

Først ut i programmet var Ann helen Odberg som braut ned læreplanværket rundt inkludering i dag, og gjennom historia. Bodskapet var tydeleg, "alle med" er ein klar utvikling og viktig raud tråd i planane. Lena Skåtun og Vegard Sandven presenterte nybrotsarbeidet med "meistringsveker" ved Haukeland universitetssjukehus der ein arbeidar for at barn med langvarig eller kronisk sjukdom skal finne glede og meistring i fysisk aktivitet.

Vegard og Lena blei med vidare i ein sofaprat med ungdomsrepresentantane Lisa Styve og Ida Nordvik frå Ungdomsrådet Helse Bergen. Dei løfta den viktige elevstemma og poengterte at det ikkje skal så mykje til for å inkludera fleire i aktivitet. Redd Barna ved Ane Aamodt førte tråden vidare med sin kampanje om barn med funksjonsnedsettelsar sine opplevingar i kroppsøvning. Dei minna alle på at inkludering i aktivitet er ein av barns rettar som ein for ofte ikkje klarer å komma i møte.

Samspelaktivitet

Etter ein matbit fekk alle delta i praktiske sesjonar der dei saman med andre kroppsøvningslærare utforska og samla inspirasjon til korleis ein konkret skapar inkludering gjennom aktvitet i gymsal, i basseng og for barn og unge med langvarig sjukdom eller kronisk sjukdom.

praktiske sesjonar

Bak arrangementet står mange dedikerte fagpersonar som gjennom møteplassen har nytta seg av nettverka sine og planlagt seminar med eit bredt innhald.

-Dette er «styrke i samspel» i praksis, med ein tverrfagleg arbeidsgruppe som ivaretek ulike perspektiv, avsluttar Håvard.

Takk til alle som bidrog til eit lærerikt seminar og til alle som viste interesse og deltok!