Foreldreundersøking om dataspel

Med støtte frå Idrettsklynge Vest er det no publisert heilt ny kunnskap om korleis foreldre forheld seg til dataspeling.

23
.
February
2023

Er du usikker på korleis du som forelder skal forhalda til dine barns dataspeling? Då er du ikkje åleine! Dette er nemleg eit av dei mest sentrale funna i denne foreldreundersøkinga. I samarbeid med Velferdsforskningsinstituttet NOVA, Oslomet har Karolin Moberg på oppdrag frå Idrettsklynge Vest gjort ei undersøking som ser på korleis ulike foreldretypar handterer søners dataspeling i kvardagen.

Det mest sentrale trekket i datamaterialet var usikkerheita til foreldra rundt eiga handtering av dataspelinga til sønene, likevel brukte alle foreldra ulike strategiar knytte til dataspelinga til sønene. Analysane viser at det ikkje er alder som var avgjerande for kva reglar og strategiar foreldra brukte, men i kva grad dei var prega av bekymring og rigiditet

Gjennom 14 intervju med foreldre til søner i alderen 6–19 år kan me lesa om ulike tilnærmingar til Noregs mest populære fritidsaktivitet. 

Heile notatet kan du lese her.

Kjenner du deg igjen?