Idrettsklynge Vest på Arendalsuka 2022

Saman med Alrek Helseklynge og Høgskulen på Vestlandet inviterar Idrettsklynge Vest til arrangementet "Ein generasjon sett på spel?" under Arendalsuka.

25
.
May
2022

Gaming og e-sport er den største fritidsinteressa blant born og unge. I tillegg er gaming på full fart inn i skule, idrett, utdanning og helsevesen.

Foreldre er bekymra for utviklinga då gaming fort blir altoppslukande, samtidig blir skjermen stadig omtala som foreldrenes beste barnevakt.
Gaming er også ein viktig mestringsarena for mange, og den nye digitale ungdomsklubben.

Gambler vi med barn og ungdom si helse ved å la dei game?
Korleis skal vi som storsamfunn møte dette fenomenet på riktig måte dei neste 5 åra?

Følgande skal diskutere tema:

  • Jon Askeland, fylkesordfører (Sp), Vestland fylkeskommune
  • Frank Willy Djuvik, styreleiar, Vestlandet E-sport
  • Randi-Luise Møgster, viseadm. direktør, Helse Bergen
  • Geir Kåre Resaland, prorektor regional utvikling, Høgskulen på Vestlandet
  • Representant idretten, TBA
  • Moderator: Silje Mæland, førsteamanuensis, Universitetet i Bergen

Arrangementet finn stad den 18. august ombord på Vision of the Fjords kl 10:30. Sjå meir info på Arendalsuka sine nettsider her

Håpar vi ser deg i Arendal!