Fullt hus på temadagen "Alle har eit ansvar"

Torsdag sette Idrettsklynge Vest, Alrek Helseklynge, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi og Kunnskapskommunen helse og omsorg Vest eit viktig tema på dagsorden, i forbindelsen med Alrekdagane 2021.

23
.
September
2021

Dagen starta framfor kinolerretet på Konserpaleet, der fekk vi sjå den kritikerroste dokumentarfilmen "Alt det jeg er", som følger Emilie, som i barndommen blei utsatt for seksuelle overgrep. Den viser korleis ho som ung vaksen jobbar for å få leve det livet hun ynskjer, og korleis ho blir møtt med både velvilje og taushet av dei som skal hjelpe ho.

Etter kinoen fekk vi vere vitne til ei gripande musikalsk framføring av Anita Lid, medlem av POLYFONs Erfaringspanel og representant for Kulturlaget Kom Nærmere. Saman med musikkterapeut Marte Halås Anyan, musikkterapistudent Stefan Bjørvang Langeland og forskar Viggo Krüger sang ho låter frå sitt siste album «Tenk med hjertet»

Frå idretten si side fortalte Maria Karin Dalsbø frå Vestland idrettskrets og Trond Berge Høvik frå NOK Bergen, om korleis det står til i idretten. Dei løfta blant anna fram idrettens konsept "Trygg på trening" der dei styrkar frivillighten si evne til håndtere og forbygge seksuelle overgrep.

Etter seansen i kinosoalen gjekk turen til Alrek helseklynge sitt nye bygg på Årstad. Der fekk vi gjennom 3 ulike parallell sesjonar lære av dei som lev med denne vonde erfaringa og frå dei som jobber med, og forskar på, dette.

Målet med dagen var å og motivere til å jobbe betre på tvers av sektorer og fag. Alle har eit ansvar for å bidra til at barn og unge har en trygg oppvekst. Desse barna lev ikkje livet sitt kun i ein sektor, derfor er det viktig at vi som samfunn evnar å samhandle for at vi best mogleg kan forebygge og møte barn og unge, som Emilie på ein god måte.

Tusen takk til Alrek helseklynge som var vertskap og initiativtakar til denne sterke og viktige tverrfaglege dagen på tvers av 4 klynger.