Styrke i samspel 2026

Styrke i samspel 2026 samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor til ein felles, årleg møteplass for fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar i Vestland innan folkehelse, idrett, friluftsliv og kultur.
Synest du at det er mange konferansar i løpet av eit år?
Det synest vi. Difor har vi samla etablerte konferansar innanfor folkehelse, idrett, kultur, frivilligheit, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling til årets store møteplass i Vestland: Styrke i samspel 2026.
Her får du det same gode – og litt til.
Styrke i samspel 2026 er ein møteplass der du
- får kunnskap og inspirasjon frå dyktige bidragsytarar
- kan utforskar felles utfordringar og moglegheiter saman med relevante samarbeidspartnarar
Det felles målet vårt er å fremje gode lokalsamfunn, der frivilligheita, det offentlege, næringslivet og innbyggarane styrkar kvarandre og spelar på lag.
Dette er møteplassen du ikkje vil gå glipp av!
Sjå program og meld deg på her.
Arrangørar: Idrettsklynge Vest, Alrek helseklynge, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi og dei over 30 organisasjonane som står bak klyngene.
