kVinner i idretten?!: Masters
.png)
Velkommen til Balansekonferansen 2024-2025:
kVinner i idretten?! Masters
Dato: 6.mars 2025
Tidspunkt: 17.00-20.30
Stad: Litteraturhuset i Bergen
.png)


Balansekonferansen - kvifor?
Gjennom eit idrettsliv møter kvinner og jenter påutfordringar som "gutta" ofte slepp unna. Mensen, graviditet, hyppigekorsbåndskader, overgangsalder, fødsel, REDs, lave forventningar og osteoporosefor å nevne noko. Kanskje det difor ikkje er så rart at kvinner er mindrerepresentert på idrettsbana, som trenara, dommara og i styrerommet?
Men må det vere sånn? I nettverket Balanse ønskjer viå fremje ein likestilt idrett på alle nivå.
Vi trur at gjennom å utveksle erfaringar, kompetanse og gode idear, så kan viinspirere kvarandre og støtte kvarandre til å finne dei gode løysingane, slikat vi får enda flere vinnere i på alle nivå i idretten – uansett kjønn.
Kven står bak?
Bak arrangementet står nettverket Balanse - eit nettverk for å få fleire kvinner i idretten. Nettverket består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.
Du melder deg på ved å klikke øverst på den blå knappen.
Vel møtt!