Kurs med Trygge Utøvere: Sosial angst og spiseforstyrrelser

1
.
December
2021
18:00
Ordinær: 450 kr - Student: 150 kr
Engstelige Even

Kurset er nummer to i ei rekke av tre kurs arrangert av Trygge Utøvere.
Du finn ei oversikt over når dei andre kursa avhaldast her.

Innhald

Gjennom kvelden kan du diskutere, spørre og dele erfaringar med foredragsholdar Kristin Børresen i ROS, og trenar Erik Rustad i Idrett Bergen Sør.      

Tema for kvelden er:

  • Spiseforstyrrelser
    (v/ Kristin Børresen fra Rådgivning om Spiseforstyrrelser)
  • Sosial angst
    (v/ Erik Rustad fra Idrett Bergen Sør)

Praktisk informasjon

Kurset vil vere på Energisenteret for barn og unge.
Påmeldingsskjema finner du her.

Om foredragsholdar Kristin Børresen i ROS

Kristin har master i klinisk ernæring fra Universitetet i Bergen og eigenerfaring med «treningsforstyrringar». Til dagleg arbeidar ho i organisasjonen ROS, kor ho har ansvar for rekruttering, opplæring og oppfølging av frivillige, i tillegg til å drive med utadretta verksemd i form av undervisning og foredrag.

ROS (Rådgivning om Spiseforstyrrelser) er ein landsdekkande interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for dei som har eller har hatt ei spiseforstyrring, og for deira pårørande. ROS tilbyr gratis støtte, råd og rettleiing for dei som slit med spiseforstyrringar eller som har eit problematisk forhold til kropp, mat, trening og kjensler.


Om foredragsholder Erik Rustad i Idrett Bergen Sør

Erik Rustad er aktivitetskoordinator for Idrett Bergen Sør og arbeidar med trening og fysisk aktivitet for menneske med ulike forutsetningar for å vere aktiv. Erik er utdanna idrett- og friluftspedagog og har tidligare erfaring som trenar og turleiar. Kjensla av sosial tilhøyre og at menneske skal oppleve "å bli sett" er noko han brenn for i sin arbeidskvardag. Gjennom kurset vil Erik bidra til at trenerar og andre aktivitetsleiarar skal få ein betre forståing for korleis sosial angst og liknande utfordringar påvirkar barn og unge. Ved aktiv deltaking fra kursdeltakarane ønskjer Erik å drøfte erfaringar om barn og unge sine ulike utfordringar rundt temaet sosial angst i fysisk aktivitet.

Idrett Bergen Sør (IBS) er ein folkehelseorganisasjon bestående av fem idrettslag i Fana og Ytrebygda, Gneist, Kaland, Smørås, Bjarg og Fana. IBS arbeidar for å nå ut til dei som fall utanfor den ordinære idretten og tilrettelegg aktivitet for ei rekke ulike målgrupper.

Er du interessert i å lære meir om temaet?
Besøk
www.tryggeutovere.no, lytt til podcasten Trygge Utøvere, og meld deg på vårt nyhetsbrev: post@tryggeutovere.no