Kroppsøving under covid-19

11
.
March
2021
14:00

Våren 2021 vil Idrettsklynge Vest saman med Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet og arrangere ei webinarrekke om aktuelle problemstillingar innanfor kroppsøvingsfaget.

Webinarrekka er for deg som er kroppsøvingslærar i grunnskule eller vidaregående skule, som er skuleleiar, som er lærarstudent eller som bare er nysgjerrig på kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen.

Vårens andre webinar går av stabelen 11.mars kl. 14.00-16.00, og har temaet "Kroppsøving under og etter covid-19".
Saman med spennande gjestar skal vi diskutere utfordringar og dele erfaringar frå kroppsøvingstimane under pandemien.

Opptak av webinaret vil også bli tilgjengeleg i etterkant.

Program            

  • Covid-19 og kroppsøving - kva veit vi? v/ professor Hege Randi Eriksen
  • Vinterskulen - korleis og kvifor? Presentasjon av vinterskulen med Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.
  • Sofaprat: «Covid-19: Erfaringar, endringar, utfordringar og moglegheiter" v/ Espen Mjelde (Kroppsøvingslærer ved Fyllingsdalen VGS), Håkon Sjursen (Avd.leder på Sykehusskolen) , Bjørn Lyngedal (Fylkesdirektør opplæring og kompetanse), Hege Randi Eriksen (Professor ved HVL)
  • Inspirasjon til ein koronavennlig kroppsøvingstime v/ kroppsøvingslærar Jakob Gyring.
  • Diskusjon i digitale grupperom: Dine erfaringar med pandemien.
  • Spør eksperten! v/ avd.leder Håkon Sjursen