Inkluderande friluftsliv: Med gaffateip i sekken

25
.
June
2025
11:30
Frå 490 kr

Friluftslivets år handlar om å få fleire ut i naturen – men kva gjer vi når ikkje alle har like moglegheiter til å delta?

Akkurat som gaffateip kan fikse det meste, veit vi at enkle, kreative løysingar kan opne dører for å fleire til å delta i friluftslivsaktivitetar. Gjennom Inkluderingskonferansen under Ekstremsportveko gir vi deg inspirerande foredrag der gode historier, verdifulle erfaringar og viktig kunnskap blir delt. Vi håper gjennom konferansen å gi deg både nye perspektiv og konkrete råd. Saman kan vi finne måtar å redusere barrierar, oppdage nye stiar og sørge for at alle får moglegheit til å oppleve gleda ved å vere aktiv i naturen.

Kva kan du vente deg? 

  • Engasjerande føredrag
  • Panelsamtalar og spørsmål
  • Kunnskap, erfaringar og praktiske dømer frå frivillige organisasjonar og næringsliv
  • Fokus på inkludering i friluftslivet
  • Innlegg og diskusjonar frå blant andre Kultur- og likestillingsminister Lubna Jafferey, paraidrettsutøver Jesper Saltvik Pedersen, sportskommentator i NRK Jan Petter Saltvedt, forbundsleder i NHF Tove Linnea Brandvik, Cecilie Klungtveit, Per Christian Brunsvik, advokat Tor Omar Nyquist, Professor Silje Mæland, DNT, Voss Vind og Elva Hotell.

Etter konferansen kan du bli med oss på Vekopride! Her kan du få med deg apellar, parade og dragshow frå 17.00-19.00 - gratis! 

Dato: 25.juni 2025

Tid: 11.30-17.00 (korresponderar godt med togtider til og frå Bergen)

Stad: Festivalteltet, Ekstremsportveko på Voss (i fin gåavstand frå togstasjonen)

Set av dagen no – dette vil du ikkje gå glipp av!

Her kan du sjå programmet og sikre deg billett
PS: Vi har studentbilletar! 

STUDENT OG LYST PÅ KONFERANSEBILLETT? LES HER!

Arrangørar: 

Ekstremsportveko

Sunnaasstiftelsen

Norges Handicapforbund

Idrettsklynge Vest

Friluftslivets år

Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.