Antidopingseminar - Doping i Vestland?
Antidoping Norge inviterer i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Bergen Kommune og Idrettsklynge Vest til fylkesseminar om doping i Bergen torsdag 3.april 2024.
Antidoping Norge er uroa over ei treningskultur blant unge som er på avvegar, der utsjånad og ein muskuløs kropp er viktigare enn helse.
Ei treningskultur der kroppen er eit statussymbol utfordrar den psykiske og fysiske helsa blant unge, og doping blir for mange ei enkel, men skadelig løysing på eige kroppsprosjekt.
Vi erfærer at det er eit stort behov for å styrke kunnskapen om dopingens fysiske, psykiske og sosiale konsekvensar hos ressurspersonar rundt unge.
Seminaret blir arrangert for å samle fagpersonar og yrkesgrupper som jobbar med ungdom, for å dele kunnskap om korleis vi kan førebyggje bruk, oppdage bruk og ikkje minst handtere eventuell dopingbruk blant ungdom i Vestland.
Vi ser fram til seminaret og forventar at det blir ein god anledning til å få innsikt i ny kunnskap og forsking, og dele erfaringar med kollegaer frå heile Vestland.
Målet er at du skal sitje med nokre konkrete verktøy som du kan ta i bruk i arbeidshverdagen, og i møte med ungdom.
Korleis vi skal snakke om doping med ungdom, blir eit sentralt tema!
Foreløpig er det kun datoen som er landet, og detaljert program og sted vil fortløpende legges ut her:
Seminar i Bergen | Antidoping Norge
Påmelding til seminaret finn du her:
Påmelding fylkesseminar i Bergen 3.april 2025 (office.com)
PS: Påmeldingfrist torsdag 20.februar,
Vel møtt!