Kvifor er eigentlig kroppsøving så viktig?

Kroppsøving
Kroppsøving
Hjelpeartikkel

Kvifor treng vi eigentlig Kroppsøving?


Her får du åtte gode grunnar.

  1. Kroppsøving er en arena for mestring, fellesskap, motorisk utvikling og kroppsligerfaring (Utdanninsgdirektoratet, 2020).
  2. Fysisk aktivitet er assosiert med ei rekke positive fordelar for den biopsykososiale helsa (Helsedirektoratet, 2014) og for evna til læring (Biddle, 2011).
  3. Fråfall frå kroppsøving kan gje store konsekvensar for den einskilde elev; manglande fysisk aktivitet kan gje redusert helse no og i framtida, og manglande karakter i kroppsøvingsfaget kan redusere moglegheitene til lærling-, studie- og arbeidsplass.
  4. Det er ikkje krav om faglærarutdanning for å være kroppsøvingslærar i grunnskulen (Utdanningsdirektoratet, 2015). Om lag 30% av mannlege, og omlag 53% av kvinnelegekroppsøvingslærarar i grunnskulen har ikkje studiepoeng i faget (Perilc, 2019).
  5. Ca 30% av elevar i den vidaregåande skulen deltek ikkje i kroppsøving frå tid til anna. Dei som sjeldan deltek i kroppsøving, deltek dessutan sjeldan i fysisk aktivitet på fritida (Strandmyr, 2013).
  6. Erfaring tilseier at elevar som droppar kroppsøvingstimane har større sannsynlighet for å droppe ut av den vidaregåande opplæringa.
  7. Fråfall frå vidaregåande opplæring gjev både uheldige individuelle og samfunnsøkonomiske konsekvensar (Falch, 2009; Bergsli, 2013).
  8. Kroppsøvingsfaget har låg status blant mange elever, lærarar og leiarar, noko som gjer at faget fort blir nedprioritert i spørsmål om ressurstildeling og kompetanseheving (Andersen, 2017).