Vellukka utdanning av e-sport trenarar

I helga var 20 trenarar frå heile landet samla digitalt til trenarutdanning innan esport. Med internasjonale instruktørar frå Danmark og deltakarar frå heile landet, fekk deltakarane ei grundig innføring i korleis ein skal legge til rette for gode og trygge gaming og esporttilbod.

20
.
April
2021
Gamere framfor PC

5 trenarar frå Florø E-sport var samla i e-sportlokalet for å gjennomføre trenarkurs. (Framme fra venstre: Frank Willy Djuvik, Jimmi Jakobsen, Dag Tore Tonheim, Ove Ronny Kjerpeset. Bak: Kai Alexander Endal)

Trenarutdanningane blir gjennomført i eit samarbeid mellom Idrettsklynge Vest, gjennom møteplassen «AktiveGamere» og Vestlandet E-sport som er ein paraplyorganisasjon for esport klubbar og organisasjonar i dei 3 vestlandsfylka. Likevel blir utdanninga tilbudt til alle esport organisasjonar eller andre som ynskjer å delta frå heile landet. Dette gjerast for å bidra til ein samla utvikling og kompetanseheving for heile gaming og e-sportmiljøet i Noreg.

Frank Willy Djuvik er leiar i Florø E-sport og samfunnskontakt i Vestlandet E-sport, og har vore ansvarleg for organisering og gjennomføring av utdanninga. Han fortel at utdanninga for e-sport trenarar og klubbar lenge har vore ein mangelvare. - Om vi skal bygge opp organiserte gaming og e-sport tilbod i Noreg så er vi avhengige av å styrke kunnskapen og kompetansen til klubbane og trenarane. Eit organisert esport tilbod skal ikkje berre vere ein stad å spele, men også ein stad der ein får veiledning om korleis ein skal utvikle seg som spelar og forbetre eigenskapane sine, og ikkje minst korleis fysisk aktivitet, sunt kosthald og gode søvnrutiner gjer deg til ein betre spelarr. For å oppnå dette, så må trenarane ha god opplæring og kunnskap, på samme måte som ein har innanfor fotball, handball eller andre idrettar, sier Djuvik.

Kurset ble gjennomført av instruktørar frå det danske idrettsforbundet DGI som har mange års erfaring med å utdanne trenarar innan e-sport. Djuvik sier at samarbeidet med DGI har vore avgjerande for å sikre god kvalitet i utdanninga. – Danmark ligg mange år framfor Noreg i å legge til rette for e-sport, og dei har trenarar med mange års erfaring på alle nivå innan e- sport. E-sport utdanningane til DGI held internasjonalt høgt nivå, så det var veldig naturleg for oss å samarbeide med dei når vi no skulle tilby trenar kurs i Noreg, sier Djuvik.

Trenarkursa er eigentlig laga som fysiske samlingar, men på grunn av covid-19 så er det laga digitale versjonar av kursa. Kursa består av mykje gruppearbeid og treningsøvelsar, så det mest optimale er sjølvsagt fysiske samlingar, men med bruk av gode digitale verktøy så gikk det bra å gjennomføre også dette digitalt. Fleire klubbar, blant anna Florø E-sport, samlet fleire deltakarar i e-sportlokalet slik at dei kunne gjennomføre øvelsane saman.

Ein av trenarane som var på kurset var Fortnite trenar i Florø E-sport, Ove Ronny Kjerpeset, og han fortel at sjølv om han har drive med gaming i over 30 år, så var kurset svært lærerikt og nyttig. – Kurset gav meg svært viktige perspektiv og kunnskap om esport som fenomen og samanhengen mellom esport og fysisk trening. Men mest av alt var det veldig nyttig å lære korleis ein utviklar spelarar på mange forskjellige nivå, slik at de får opplæring og utvikling tilpassa sitt eige ferdighetsnivå. Eg kjem absolutt til å bruke denne kunnskapen og det vi lærte i treningane framover, sier den nyutdanna e-sport trenaren.

- Frank Willy Djuvik fortel at dei i samarbeid med DGI iDanmark allereie har kome langt i å planlegge og utvikle enda fleire kurs for klubbane i Noreg. – Dette første kurset er eit grunnkurs som er nyttig for alle som er trenarar, men til hausten  kjem vi med spesifikke kurs for trenarar innanfor forskjellige spel og organisasjonsdrift, slik at trenarane kan spisse kunnskapen og kompetansen sin ytterligare, avslutter Djuvik.

 

Daglig leiar for Idrettsklynge Vest skryt av samarbeidet med Vestlandet E-sport gjennom møteplassen «AktiveGamere». I klynga jobber vi for å skape synergir på tvers av aktørar, dette samarbeidet om trenarutdanninga er et svært godt eksempel på at ein når lenger når man samhandlar på tvers».

 

Det har kome inn så mange positive tilbakemeldingar og forespørslar om å delta på kurs at allereie helga 15.-16. mai det blir det gjennomført enda eit grunnkurs for e-sporttrenarar. Meir om dette kurset og påmelding kan du finne her.