Sjå det populære webinaret om Aktive Gamere

Fredag gjennomførte Idrettsklynge Vest eit innholdsrikt webinar om Aktive Gamere. Folk frå heile landet deltok, og stort engasjement i chaten undervegs vitnar om at dette er eit tema som mange meinar noko om.

10
.
May
2021
gutt som gamer

Dataspel er den største fritidsinteressa blant ungdom i dag. 96% av gutar og 76% av jenter i alderen 9–18 år i Noreg gamar. Om ein vi vil det eller ei, er dette fenomenet kome for å bli, og vi må forholde oss til det. Som forelder, som lærar, som kommune, som idrettslag, som kulturinstitusjon og ikkje minst som ungdom der dataspel er ein sentral arena for spel, leik og sosialisering.

Idrettsklynge Vest og Vestlandet E-sport inviterer med dette til webinar der vi ser på ulike aspekt ved gaming og e-sport. Du vil blant anna få høyre frå:

- Fylkespolitikaren, som jobbar for ein heilskapleg strategi på feltet.

- Brannspelaren som er toppidrettsutøvar i e-fotball.

- Sjukehuset som brukar gaming inn i helse og rehabilitering.

- Læraren som har 50 elevar på e-sport linje i vidaregåande skule.

- Kulturinstitusjonen som vil skape ein open møteplass for gaming og e-sport.

- Idretten, og deira rolle inn i e-sport og gaming.

- Forskaren som skal rulle ut ein studie på gaming og fysisk aktivitet.


Avslutningsvis inviterer vi, saman med Visit Bergen, til sofaprat der vi ser på kva ein kan få til av både lokale, nasjonale og internasjonale gaming- og e-sportarrangement i Bergen og Vestland.