Ny dagleg leiar i Idrettsklynge Vest

Ein god prosess er avslutta, og vi kan med glede presentere Malene Joensen som ny dagleg leiar i Idrettsklynge Vest

Randi Marie Farnes
3
.
April
2024
Bilde av ny dagleg leiar Malene Joensen

Malene  held i desse dagar på å avslutte sin mastergrad i folkehelsevitskap ved Aalborg Universitet i Danmark. Heldigvis for oss er lengselen etter fjella stor, og til sommaren flyttar ho tilbake til Bergen.

I tillegg til si pågåande utdanning har Malene ein mastergrad i klinisk fysioterapi frå Høgskulen på Vestlandet, og ei bachelorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen. Den særs relevante akademiske bakgrunnen kombinert med erfaringa ho har som assisterande leiar for Energisenteret for barn og unge, der ho i perioden 2019-2022 også var involvert både som leiar og deltakar i ulike møteplassar i Idrettsklynge Vest, gjer at ho segla opp som den beste kandidaten til denne stillinga.

Styreleiar Jon Askeland er særs nøgd med den nye tilsettinga – «Malene er utan tvil eit leiartalent utanom det vanlege. Hennar engasjement for idretten blant anna som styrkeløftar med erfaring frå nasjonalt og internasjonalt nivå, eit solid nettverk inn i alle våre 8 organsisasjonar kombinert med ei tverrfagleg utdanning passar perfekt opp mot våre behov. Når ho attpåtil er ein framifrå relasjonsbyggar, så seier det seg sjølv at vi er særs nøgd med å få henne med på laget!»

Malene sjølv er veldig glad for at det var akkurat ho som trakk det lengste strået denne gongen. «Dei kjekkaste og mest givande arbeidserfaringane mine har utan tvil vore relatert til Idrettsklynge Vest-arbeid. Faktisk så givande at masteroppgåva eg for tida skriv i folkehelsevitskap handlar om nettopp Idrettsklynge Vest prosjektet «Energikonsulentar». Jobben som dagleg leiar i Idrettsklynge Vest synes eg difor verkar særs spennande, og eg gler meg veldig til å sette i gang».

Malene er vand med å ha mange ballar i lufta, og startar opp i ei 30% stilling som dagleg leiar 1. mai. Masteroppgåva leverast i slutten av juni, og frå og med 1. juli går ho inn i heil stilling. Vi ynskjer Malene velkommen, og ser lyst på framtida i Idrettsklynge Vest med denne målbevisste 28 åringen ved roret!