Fagdag i kroppsøving

Etter omlag to år utan å kunne møtast fysisk, var det torsdag 21.april endeleg klart for ein fysisk fagdag i kroppsøving. "Etterlengta, lærerikt og veldig morosamt!" oppsummerar kroppsøvingslærar Espen Rognsvåg.

Malene Joensen
22
.
April
2022
Fagdag i Kroppsøving

Ballongleik under sesjonen "Leik og tilpassa opplæring"

Litt over 30 kroppsøvingslærarar møttest torsdag 21.april ein halv dag fylt med kroppsøving. Dagen starta i dei nye lokala til Åsane VGS med eit spennande innlegg frå kroppsøvingslærar Geir Bangstad om relasjonsbygging i kroppsøvingsfaget. Deretter, etter litt å bite i, gjekk turen vidare til Åsane Arena. Her kunne dei frammøtte velje mellom å delta i tre ulike praktiske sesjonar; Leik og tilpassa opplæring med høgskulelektor Anne Henriksen, Basketball med Geir Bangstad, eller Turn med Esben Martinsen.

Akrobatikk i turn-sesjonen

Kroppsøvingslærar Espen Rognsvåg frå Os VGS var fornøgd med dagen:  

Det er veldig kjekt å kunne møtast fysisk igjen! Det er gjerne ikkje så mange kroppsøvingslærarar på kvar enkelt skule, og då blir det ekstra viktig å ha felles møteplasser kor vi kan møtast for å utveksle erfaringar og idear. Også er det alltid kjekt med fagleg påfyll! Så absolutt ein bra dag! 
Kroppsøvingslærar Espen Rognsvåg var fornøgd med dagen.

Dagen var arrangert som eit samarbeid mellom møteplassen Kroppsøving og fysisk aktivitet i Idrettsklynge Vest, fagnettverk for kroppsøving i Vestland Fylkeskommune og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Arrangørgruppa var glade for at dei endeleg fekk arrangere noko fysisk, og ser fram til å samarbeide om å arrangere fleire slike fagdagar i framtida.  

Teknikkøving under basketballsesjonen.

Her kan du sjå tidlegare kroppsøvingswebinar frå møteplassen Kroppsøving og fysisk aktivitet.